MEDARBEIDAR VED EINING FOR SERVICE, REISELIV OG KULTUR , INNTIL 100 % VIKARIAT

For snarleg tiltreding søkjer eining for service, reiseliv og kultur i Åseral kommune etter ein ny medarbeidar i eit vikariat fram til 31. desember.

 

Arbeidsoppgåver:

* Publikumsteneste, arbeid i fyrste linje i resepsjon/sentralbord

* Planlegging og tilrettelegging av ulike kulturarrangement

* Enklare sakshandsaming

* Andre oppgåver etter avtale med einingsleiar

 

Ønskjelege kvalifikasjonar:

* Evne til å kombinere faglege kunnskapar med heilskapleg tenking

* Gode datakunnskapar

* Røynsle frå offentleg arbeid

* Handtere nynorsk som skriftleg målføre

* Effektiv, evne til sjølvstendig arbeid, utadvendt og samarbeidsviljug

* Kompetanse og røynsle utover dette, samt personlege eigenskapar, vert vektlagt

 

Vi tilbyr eit godt fagmiljø med moglegheit for vidareutvikling for rette person. Tilgang til moderne IKT-verktøy, gunstig pensjonsordning og løn etter avtale.

 

Tenestestad

Minne kultursenter, rådhuset og bibliotek

 

Intervju

Søkar må vere førebudd på å stille til intervju på kort varsel.

Ta med originale dokumenter, attester og identifikasjon ved intervju/frammøte.

Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkar har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jamfør Offentleglova § 25.

 

Tilsetjing:

Denne stillinga er lyst ut internt og eksternt samstundes. Interne kvalifiserte søkjarar vil ha prioritet. Tilsettinga skjer i samsvar til gjeldande lover, reglar og avtaleverk. Løn etter gjeldane tariff. Har du behov for ein stad å bu, barnehageplass eller andre ting, er vi førebudd til å hjelpe deg. Flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement.

Søknad skal skrivast på elektronisk søknadsskjema som du finn på www.aseral.kommune.no

Stilling

Publisert:06.07.18
Type stilling: Heltid
Midlertidig
Frist:20.07.18

Fagområder

  • Medie- og kommunikasjonsfag
  • Samfunnsfag
  • Uspesifisert

Sted

  • Vest-Agder

Kontaktperson

Odd Helge Liestøl

E-post: E-post
Telefon: 918 68 502
Virksomhet:Åseral kommune

Åseral er en innlands-kommune i Vest-Agder fylke med store hei- og fjellområder. Åseral grenser til Hægebostad og Kvinesdal i vest, til Bygland og Evje og Hornnes i nord og øst, og til Audnedal i sør.

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.