Vikariat som byggesakshandsamar i Åseral kommune frå 1. september 2018

Då vår byggesakshandsamar har permisjon, vert det ledig 1 års vikariat som sakshandsamar innan byggesak med stillingsstorleik på inntil 80 % på eininga.

 

Kvalifikasjonar:

-          Høgare relevant utdanning

-          Gode datakunnskapar

-          Evne til å kombinere fagleg kunnskap med heilskapleg tenking

-          Handtere nynorsk som skriftleg målføre

-          Effektiv, evne til sjølvstendig arbeid, utadvendt og samarbeidsviljug

-          Kompetanse og røynsle utover dette, samt personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Arbeidsoppgåver:

- Byggesakshandsaming. Arbeidsoppgåvene vil kunne variere.

 

Vi ønskjer ein sakshandsamar som:

-          Har røynsle innan byggesak

-          stillar krav til eigne faglege ferdigheiter

-          har engasjement og gode haldningar som bidreg på ein positiv måte i arbeidsmiljøet

-          taklar omstillingar og har gode evne til samarbeid og kommunikasjon

-          finn praktiske løysingar og er systematisk

-          er tydeleg og har ei positiv innstilling

 

Vi kan tilby:

-          ei interessant og krevjande stilling

-          eit aktivt og positivt arbeidsmiljø

-          fleksibel arbeidstid

-          løn etter avtale og god pensjonsordning

I stillinga må det påreknast reiseverksemd. Det er difor ein føresetnad at den som vert tilsett har førarkort og disponerer bil.

 

Tilsetting

Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglar og avtaleverk.

Søknad

Søknad og CV kan du berre sende ved å bruke elektronisk søknadsskjema på Åseral kommune si heimeside (www.aseral.kommune.no).

Opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

Stilling

Publisert:03.07.18
Type stilling: Deltid
Midlertidig
Frist:08.08.18

Fagområder

  • Ingeniør- og teknologiske fag
  • Uspesifisert

Sted

  • Vest-Agder

Kontaktperson

Hilde Stuestøl Berg

E-post: E-post
Telefon: tlf: 382 85 800 eller 950 56 310
Virksomhet:Åseral kommune

Åseral er en innlands-kommune i Vest-Agder fylke med store hei- og fjellområder. Åseral grenser til Hægebostad og Kvinesdal i vest, til Bygland og Evje og Hornnes i nord og øst, og til Audnedal i sør.

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.